Lene Maria Larsen | Ord, lyd og kreative prosjekt på Voss
Hopp til innhaldet

Lene Maria Larsen · Voss

Hei, eg er Lene.
Velkomen
til mitt.

Eg skriv, spelar inn og gir idear form. Nokre blir til lyd og bøker. Andre byrjar med ein samtale rundt bordet heime hjå meg.

Lene Maria Larsen i ein lys strikkegenser
Lene Maria Larsen, heime på Voss.

Litt om meg

Skriving, lyd og møte mellom menneske går som ein raud tråd gjennom arbeidet mitt. Eg trivst med å veksle mellom eigne prosjekt og samarbeid med andre.

Arbeid & eigne prosjekt

Eigne prosjekt
og samarbeid.

Frå lydbøker og tekstar til behandling og nærvær – her finn du eit utval av arbeidet mitt.

01 / LYD & STEMME

Ord som skal høyrast.

Eg gir liv til tekstar gjennom stemme og lydinnspeling, mellom anna i lydbøker. Har du ein tekst du vil at andre skal få høyre?

La oss snakke om lyd
02 / SKRIVING & PROSJEKTUTVIKLING

Frå idé til ferdig tekst.

Eg skriv og utviklar kreative prosjekt, både åleine og saman med andre. Eg kan bidra med tekst, retning og ein å tenkje høgt med undervegs.

Har du ein idé?
03 / BOKA MI

Sov godt, Eirine

Eg er forfattaren bak «Sov godt, Eirine». På nettsida til boka kan du lese meir om henne.

Les om boka på eirinebok.no
04 / SANSERO

Rom for sansane.

I Sansero arbeider eg med massasje, EFT, meditasjon og hypnoterapi, og med guida indre reiser med levande lyd og stemme. Eg tilpassar økta til deg og det du treng den dagen, med tid, omsorg og respekt.

Les meir på sansero.no
Stova hjå Lene med trebord, varme møblar, grøne vegger og oransje tekstilar
Velkomen til stova mi på Voss.

Hjå Lene

Små samlingar.
Gode møte.

Eg opnar døra mi frå tid til anna – til små arrangement og fellesskap, eller til ei roleg stund med berre deg og meg.

Arbeidsro hjå Lene

Ta med det du held på med, og jobb i eit lite fellesskap. Rolege arbeidsøkter, kaffi og plass rundt bordet.

Les meir om Arbeidsro

Små konsertar og andre samlingar

Frå tid til anna inviterer eg til små, intime arrangement med musikk, sansing, språk og mat. Du er velkomen til å bli med på det som skjer.

«Kva kunne vi funne på
i denne stova?»

Har du eit forslag til ein liten konsert, ei opplesing eller ei anna samling? Ta gjerne kontakt, så finn vi ut om stova kan vere ein god stad for det.

Foreslå eit arrangement

Kontakt & samarbeid

Skal vi lage
noko saman?

Vil du samarbeide, spørje om noko eller avtale ei stund hjå meg? Eg høyrer gjerne frå deg.

Du treng ikkje ha ein ferdig plan for å ta kontakt.

Ring eller send SMS til 93 86 81 54.